Program opningshelga

Fredag 10. Mai: Konsert med Einar Selvik

Wardruna-frontmann Einar Selvik inntek Sagastad i soloformat.
Einar er komponist, multiinstrumentalist og mannen bak Norrøn-folk gruppa Wardruna som mellom anna står bak kjenningsmelodien til den verdskjende tv-serien «Vikings». Wardruna er et prosjekt som lagar musikalske tolkingar av norske og norrøne kulturelle og esoteriske tradisjonar. Ved å bruke Nordens eldste instrumenter, språk og poetiske versemål i et moderne lydlandskap har Einar klart å forene det akademiske med det populærkulturelle og gi ny stemme til gamle, men framleis relevante tankar, verktøy og teknikkar frå fortida.

Einar tar oss med på en musikalsk reise ut av Wardruna sitt normalt så store lydlandskap og inn i ei enklare og meir direkte form kor stemma, poesien og instrument som Kraviklyre, Taglharpe og Bukkehorn står i sentrum.

Dørene opnar kl. 18.00
Konsertstart kl. 19.00
Ståplassar
Avgrensa tal på billettar.

Kjøp billettar her!

Laurdag 11. Mai: Familiedag

Ta med heile familien til Sagastad og bli kjend med den fantastiske vikinghistoria på Eid! Utstillinga vår vil by på mange spennande interaktive stasjonar, som vil formidle ei nervepirrande forteljing om ei tid som har sett tydelege spor etter seg på Nordfjordeid. Vi kan også by på konsert med Oselie og ei forestilling om vikingmusikk spesielt retta mot born med Kjell Braaten frå vikingmusikk.no. Det vil også vere eigne aktivitetar utandørs i Sagaparken for både store og små.

Kl 13.00 Konsert med Oselie.
Oselie gjekk heilt til topps i MGPjr-finalen 2017 med låta «Verda vår». Ein song med ein sterk tekst om menneske på flukt, og om at vi menneske må stille opp for kvarandre. Oselie har den siste tida reist landet rundt på turné med eige show. 19. oktober slapp Oselie ny låt med tittelen «Hald mi hand». Songen er ein hyllest til gode venner. Siste året har vore eit eventyr for Oselie, og ho er etter kvart blitt ein erfaren ung artist. 

Kl 14.00 Forestillinga «Ei musikalsk reise tilbake i tid» ved Kjell Braaten.
Kjell Braaten er ein musikar og komponist, spesialisert på historiske instrument, verdensmusikk og lydlandskap. Han komponerar musikk som bind verdener saman på kryss av tid og stad og skapar univers kor det vil kjennast heilt naturleg å møte både Eirik Raude, Ali Baba og Minotaurus på same stad. Denne forestillinga er spesielt retta mot born, men er og ei fin oppleving for vaksne. 

 

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen