fbpx

Program for opningshelga

Fredag 10. Mai: Opning av Sagastad og konsert med Einar Selvik

Denne dagen opnar vi senteret for publikum for aller fyrste gong. Vi klipper snora kl 10.00 og held ope til kl 14.00. Til kvelden opnar vi dørene igjen for konsert med Wardruna-frontmann Einar Selvik i soloformat.
Einar er komponist, multiinstrumentalist og mannen bak Norrøn-folk gruppa Wardruna som mellom anna står bak kjenningsmelodien til den verdskjende tv-serien «Vikings». Wardruna er et prosjekt som lagar musikalske tolkingar av norske og norrøne kulturelle og esoteriske tradisjonar. Ved å bruke Nordens eldste instrumenter, språk og poetiske versemål i et moderne lydlandskap har Einar klart å forene det akademiske med det populærkulturelle og gi ny stemme til gamle, men framleis relevante tankar, verktøy og teknikkar frå fortida.

Einar tar oss med på en musikalsk reise ut av Wardruna sitt normalt så store lydlandskap og inn i ei enklare og meir direkte form kor stemma, poesien og instrument som Kraviklyre, Taglharpe og Bukkehorn står i sentrum.

Kjell Braaten frå vikingmusikk.no vil i tillegg spele i utstillinga i forkant av konserten. Kjell er musikar og komponist, spesialisert på historiske instrument, verdsmusikk og lydlandskap. 

Program
Kl 10.00 – Opning av Sagastad
Kl 18.00 – Dørene opnar før konsert. Kjell Braaten spelar i utstillinga.
Kl 19.00 – Konsertstart Einar Selvik

Det er ståplassar for konserten.
Avgrensa tal på billettar.

Kjøp billettar her!

Laurdag 11. Mai: Familiedag

Ta med heile familien til Sagastad og bli kjend med den fantastiske vikinghistoria på Eid! Utstillinga vår vil by på mange spennande interaktive stasjonar, som vil formidle ei nervepirrande forteljing om ei tid som har sett tydelege spor etter seg på Nordfjordeid. Vi kan også by på konsert med Oselie og ei forestilling om vikingmusikk spesielt retta mot born med Kjell Braaten frå vikingmusikk.no. Det vil også vere eigne aktivitetar utandørs i Sagaparken for både store og små.

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen