fbpx

Premiere på “Vikingarven”

Under heile bygginga av Myklebustskipet har NRK hatt kontinuerlig opptak av bilete og film. Ein kort samanstilling av nokre av bileta har vore tilgjengeleg for publikum på Sagastad i sommar, men endeleg heile dokumentaren ferdig.

Sagastad har difor den glede å ynskje velkommen til premierevisning av “Vikingarven” onsdag 23. oktober kl 18.00. Vi serverer bobler i glaset (alkoholfri) og enkel snacks inkludert i inngangsprisen på kr 150,- Billett løysast i døra.

Dette skriv NRK om “Vikingarven”;
“Heilt sidan vikingtida har folket i Bjørkedalen laga båtar. Tusenvis av båtar. No vil dei sette krona på verket og bygge det råaste vikingskipet verda har sett: Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.”

Dokumentaren sendast også på NRK samme dag kl 19.45.

Del: