fbpx

Oselie til Sagastad

Gladnyheit til alle born og unge!

På familiedagen under åpningshelga, 11. mai kl 13.00, har vi gleden av å presentere konsert med Oselie. Oselie gjekk heilt til topps i MGPjr-finalen 2017 med låta «Verda vår». Ein song med ein sterk tekst om menneske på flukt, og om at vi menneske må stille opp for kvarandre. Oselie har den siste tida reist landet rundt på turné med eige show.19. oktober slapp Oselie ny låt med tittelen «Hald mi hand». Songen er ein hyllest til gode venner. Siste året har vore eit eventyr for Oselie, og ho er etter kvart blitt ein erfaren ung artist.

For å få med deg Oselie, treng du kun ein vanleg inngangsbillett til Sagastad. Billettar vil snart kome for salg på nettsida, eller du kan kjøpe billettar i døra. Vi har eigne prisar tilpassa bornefamiliar. Det vil også komme fleire postar på programmet denne dagen, så følg med framover for å få med deg alle hendingane. Velkommen til ein kjekk og innhaldsrik dag for heile familien på Sagastad!

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen