Stad-knappen

Kjøp fellesbillett for Sagastad, Selje Kloster og Norsk fjordhestsenter og besøk alle i sommar. Dei som fullfører og får stempel frå alle tre får Stad-knappen og ei overrasking den siste staden. Fellesbilletten kjøper du ved ein av attraksjonane eller her: 

Stad-knappen
Foto: Ulf rugumayo Amundsen

Opplev landets største vikingskip på Nordfjordeid, landets eldste kloster på Seljeøya og den vakre fjordhesten ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid. 

Passar for barnefamiliar såvel som seniorar.  

Fellesbillett kun kr. 500,- pr. person. Gratis for born opp til 12 år! 

Sagastad

Billetten inkluderer inngang til senteret i det vakre signalbygget med Myklebustskipet, utstillinga og historia om båtbyggjarane. 

Senteret er ope dagleg kl 11.00 – 16.00 i høgsesongen. 
Sjå https://sagastad.no/opningstider-og-prisar/ for alle opningstider.

Selja Kloster med klosterbåten

Billetten inkluderer båttur til sagaøya Selja, med unik kultur frå vikingtida og middelalderen. Landets første pilgrimsstad. Digital guiding på appen AISpot. 

Sjå rutetider: 
Sjå www.seljamonastery.no

Stad-knappen
Foto: Ruben Soltvedt

Norsk fjordhestsenter

Fjordhesten er ei av dei eldste hesterasane i verda, og i Nordfjord møter du fjordhesten i det landskapet som har skapt den. 

Billetten inkluderer inngang med omvising. 

Norsk Fjordhestsenter er ope for omvising og besøk.

Sjå www.norskfjordhestsenter.no