fbpx

Open dag med Vikingliv

Sagastad og Vikinglivlinja ved Fjordane Folkehøgskule inviterer til open dag på Sagastad!

Sparebanken Sogn og Fjordane sponsar din inngangsbillett! Ta med dine nærmaste på ei kjekk og trygg oppleving.

Spennende aktivitetar gjennom heile opningstida frå kl 11-15.

Følg arrangementet på facebook for meir informasjon ved å trykke på denne lenkja.

-Open kiosk med sal av Vikingsandwich frå minibakeriet, sveler og varm og kald drikke.

-Flotte julegåver for sal i butikken.

-Konkurransar med fine premiar!

-Lær om blankvåpena som Vikingane brukte!
Tryggleik er i fokus, borna skal forstå kva som er farlig med slik «leik».

-Lag vikinghette til borna saman med Vikingliv-elevane. PS! Ta med eit gamalt einsfarga ullteppe, saks, målebånd, ulltråd til sting og stoppenål.

-Historiske leikar. Vikinglivelevan viser korleis Vikingane leika. Born og vaksne i samme kohort kan også prøve leiken!

-Lage enkel pynte-snor.

-Elevane syr på kledene sine. Sang og tromming inn i mellom.

-Bli kjent med Sagastad sitt tilbod;
Kunnskapssenter, formidling, selskap, møter, foredrag, konsertar, årskort, gåvekort, bedriftkort, Sagalunsj, eigen vikingmeny.

SMITTEVERN
-Avgrensa tal på gjestar i senteret. Første mann til mølla!
-Overflater i utstillinga som touch skjermar vert rensa men jamne mellomrom
-Liste for smittesporing som alle skal registrere seg på
-Toalett vert rensa jamnleg
-Handsprit er tilgjengelig i utstillinga
-Vi oppfordrar til å halde avstand, og å oppretthalde god handhygiene
-Vi oppfordar til å unngå å ta på varer du ikkje skal kjøpe i butikken
-Pennar for bruk på touch skjermar tilgjengelig for kjøp
-Vi oppfordrar til å betale med kort

Del: