fbpx

Ny VR-stasjon i senteret

Sagastad opna den nye VR-stasjonen i senteret laurdag 5 juni. Stasjonen vil la gjestar leike seg i Vikingbygda Nordfjordeid. Beveg deg rundt i bygda og sjå korleis ein kan tenke seg det såg ut for snart 1200 år sidan!

Ei reise i tid

I vårt eige VR-univers har vi bygd opp samfunnet med busetnad, folk, dyr, natur og vikingskip på fjorden. Du får ei sanseleg reise tilbake i tid både med det visuelle i VR-brillene, lyd og respons frå handkontrollane. Høyr på bølgeskvulp, vinden og måkeskrik. Du kan prøve deg på bogeskyting på blink, smiing og fleire små spel inne i spelet. Stasjonen består av to rom med VR briller og kontrollar. Frå utsida av stasjonen kan du også følge med på kva som skjer inne i brillene medan du ventar på å prøve sjølv.

Testsesong

Stasjonen er eit innovasjonsprosjekt med støtte frå Innovasjon Norge, og vil vere under stadig utvikling gjennom 2021 sesongen. I denne fasen av prosjektet vil derfor bruk av VR-stasjonen vere inkludert i billetten til Sagastad.

Del: