Novemberkonsertar på Sagastad!

Songglede er stikkordet for å lyse opp kvardagen i den mørke, kalde novembermånaden. Akustikken i Sagastad saman med lokale talent lagar råma kring arrangementa som kiler stemmebanda, rykker i dansefoten og skapar fantastisk stemning i båtnaustet.

Anten du syng med eller sit å diggar med noko godt å ete eller drikke, har Sagastad noko på programmet for deg i november. Stårheim Songlag, Eid musikklag og Eid Mannskor er klare for å underhalde og inspirere!

Program:

  • 1. november – Syng med oss!
    Stårheim Songlag med Tastamentet og Olga Pavlova
    kl. 11.00 – Sagastad opnar
    kl 14.00 – kafeen opnar med sal av natronkaker
    kl 15.00 – syng med oss!
    Kom tidlig så har du tid til å oppleve utstillinga og Myklebustskipet på samme billetten!
    Inngang; vaksen kr 190,- born kr 100,- u/6 år gratis
  • 15. november – Musikkafe
    Eid Musikklag og Eid Ungdomskor
    kl 16.30 – dørene opnar
    kl 17.00 – konsert
    Det vert ein pause i konserten for kaffi og kake samt loddsal.
    Inngang inkl kaffi og kake: vaksen kr 190,- Honnør kr 150,- born kr 50,- u/9 år gratis
  • 19. november – Førjulskonsert
    Eid Mannskor
    kl. 18.30 – Dørene opnar, sal i baren
    kl 20.00 – Førjulskonsert
    Inngang kr 200,-

Billettar til arrangementa og meir informasjon om kvart arrangement finn du her. Sagastad må avgrense tal billettar i denne vanskelege korona-tida, så det er all grunn til å sikre seg billett som snarast!

Velkommen til Sagastad!

Stårheim Songlag er gode på å spreie songglede!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *