Verdas fyrste skipstunnel vert no realisert på Stad! Vikingane tok vegen over Dragseidet, no vert Myklebustskipet det fyrste skipet som tar turen gjennom fjellet.
Lovnad frå ordføraren
Kort tid etter “Vi har lagt planer for at vikingskipet Myklebust-skipet blir det første skipet som skal gå gjennom skipstunnelen under åpningen. Da skal 100 mann og kvinner ro et av verdens største vikingskip gjennom tunnelen” sa Bjørlo til VG. Les heile saka om skipstunnelen frå VG her.
Historisk rute
Dei fyrste skissene for Stad skipstunnel kom så tidleg som i 1870, men snarvegen over Dragseidet var godt kjent allereie i vikingtid. Vikingane hadde skip med amfibiøse eigenskapar. Utforminga på skipa gjorde det mogleg å dra dei over land på stokkar, og vikingane tok gjerne vegen over Dragseidet for å sleppe å segle rundt halvøya. Stadhalvøya er verutsatt og ein ublid stad å vere på sjøen når det stormar som verst. På dei få kilometerane frå Sildegapet i sør til Ervik i nord er det lokalisert heile 58 skipsvrak!
Etter planen skal tunnelen stå ferdig i 2026. Det skal verte ei stor ære for Sagastad å vere til stades med Myklebustskipet under den historiske opninga av verdas fyrste skipstunnel.