Årets Malakoff rockefestival går av stabelen i miniversjon 18-24 juli. Det betyr fleire små konsertar på ulike og unike konsertstadar. Tysdag 20 juli kan du oppleve superfine Real Ones på Sagastad.
Fabelaktige liveartistar
Real Ones er ein rockekvintett frå Bergen som har gjort seg bemerka som eksepsjonelt gode liveartistar. Det kjem godt med i eit lokale som Sagastad. Med ein klang som er større enn i Nidarosdomen krev det tilpasningsdyktige artistar som nyttar rommet på beste måte. Konsertar på Sagastad vert alltid noko heilt spesielt, og det er grunn til å forvente ein absolutt magisk sommarkveld med MiniMalakoff og Real Ones.
”Real Ones har lenge vært Norges i særklasse beste liveband. Kanskje er de Norges beste band, punktum.” – Sven Ove Bakke, Dagbladet
Real Ones
I februar 1994 holdt Real Ones sin første konsert i heimbyen Bergen. Over 25 år, 12 album, 4 EP’ar, 2 Spellemannprisar, og 1000 konsertar i 15 land på 3 kontinent seinare, er dei fem barndomsvenane klar for nye eventyr.
Real Ones starta som eit reint folkemusikkband. Som følge av en stadig søken etter nye uttrykk har ensemblet sidan då utvikla seg til å bli eit av Noregs mest særeigne band i krysningspunktet mellom folk, pop, rock med klare referansar til verdensmusikk og elektronika.
Her har du sjansen å oppleve eit av dei finaste norske banda i spektakulære omgjevnader med m.a eit av verdas største vikingskip! Ei oppleving for minneboka!