fbpx

Kunne Vikingane strikke?

I samband med Strikkefestival på Nordfjordeid denne veka, inviterer Sagastad til å lære om nålebinding som er ein av føregjengarane til dagens strikking og hekling. Kom og lær teknikken, og få inspirasjon til kva du kan lage. Kva med til dømes eit sokkepar som aldri raknar?

Fredag kjem elevar frå Vikinglinja på Fjordane Folkehøgskule for å vise fram nålebinding, medan Margit Yndestad frå Frøyas Lyst i Ålesund kjem på laurdag. Margit har unik kompetanse på historisk handtverk, og vil vise fram mellom anna nålbinding, plantefarga garn, og garn ho sjølv har spunne.

Vi set også opp visning av to filmar; “Det brente skipet” som handlar om historia og funna på Myklebustgarden, og “Vikingarven” som viser korleis Myklebustskipet vart gjenskapt. Begge flotte filmar å strikke til, og vi viser dei i heile opningstida!

Program

Fredag 6.3: Ope kl 11-15
Elevar frå Vikinglinja viser nålebinding
Visning av “Det brente skipet” (20 min) og “Vikingarven” 40 min.

Laurdag 7.3: Ope kl 12-15
Margit Yndestad viser fram og fortel om Nålebinding, plantefarging og spinning av garn.
Visning av “Det brente skipet” (20 min) og “Vikingarven” 40 min.

Inngang:
Vaksen kr 190,- inkl kaffi eller te
Born 6-15år kr 100,-
Born under 6 år kjem inn gratis i følge med ein vaksen.
Deltakarar i strikkefestivalen med gyldig festivalpass kr 100,- inkl kaffi eller te.

Del: