fbpx

Kulturnatt på museet

I samband med kulturnatt i Stad inviterer Sagastad til “Kulturnatt på museet” med gratis inngang kl 18-22. Det vert mykje som rører seg på Sagastad etter mørkets frambrot! Ta ein tur inn til Volva som spår, høyr på foredrag om store vikingskip og vikingane sine gudar, og kjøp deg ei svele laga med egg frå ekte vikinghøns. Det vert fleire forteljarstasjonar som fortel om vikingfunna på Nordfjordeid, planar for sjøsetjing, vikinghandtverk og mykje meir.

Program;
kl 18.00 – Dørene opnar med gratis inngang. Forteljarstasjonar og kafe er ope
kl 18.10 – Foredrag om dei store vikingskipa – funn og soger, v/Jørn Løset
kl 20.00 – Foredrag om vikingane sine gudar, v/Vikinglivlinja

kl 18-22;

-Gislaug Heinum er “Volva som spår”
-Agnar Kragset fortel om funna i dei 5 gravhaugane
-Støtt Stiftinga Sagastad og få namnet ditt på ein del av skipet.
-Planar for sjøsetjing 2022 ved Sigmund Larsen
-Vikinghandtverk ved elevar på Vikinglivlinja på Fjordane Folkehøgskule
-Lær å spele vikingspelet Hnefatafl v/Vikinglivlinja
-Prøv VR stasjonen
-Open kafe med sal av sveler 

Velkommen!

Del: