fbpx

Konsert til inntekt for TV-aksjonen

Solistar og musikarar frå operaen Hans og Grete stiller opp gratis på Opera Nordfjord sin årlege konsert til inntekt for TV-aksjonen, som i år går til Care Norge (https://care.no/). Konserten vert i år halden på Sagastad, og det er fri entré med høve til å gi ei gåve ved utgangen. Alle inntekter går uavkorta til aksjonen, og vi har ingen utgifter, då hovudsponsorane dekkjer annonsekostnader og Sagastad stiller med lokale.

Konserten startar kl 19.00.
Det er avgrensa tal på sitteplass, så møt opp i god tid om du ynskjer å sitte. Har du spesiell trong for sitjeplass kan du ringe slik at vi set av ein plass til deg.

Utstillinga vil vere avslått og skipet reservert for artistane under konserten. Det vert høve til å sjå utstillinga og oppleve Myklebustskipet til redursert pris etter konserten.

Velkommen til å støtte ei god sak!

Del: