fbpx

Konsert med Violet Road

Fredag 22. november kjem Violet Road til Sagastad!
Billettar kjøper du her.

I over 10 år har nordlendingane i Violet Road laga musikk saman og bygd opp ein solid musikalsk katalog, beståande av hits som «Face of the Moon», «Can You Hear The Morning Singing» og «Jericho». Aldri før har desse vorte framført akustisk for et publikum. Før no.

Hausten 2019 fer Violet Road ut på tur med kassegitarar, dunkel lysgjeving og dei gode historiane. Nå skal dei ut å treffe publikum i nokon av landets mest unike og sjelfulle salar for å framføre sine mest kjende låtar i heilt ny drakt.

Violet Roads fanskare er av landets mest trufaste og mange har opplevd bandet ei rekke gongar på store festivalar og konsertscener. Etter å ha solgt ut Operaen i Oslo, utfordrar bandet seg no i andre enden av skalaen.

«Vi har lyst til å gi våre fans en helt ny opplevelse, og gi de muligheten til å komme helt innpå oss. Vi håper det vil føles som at vi alle sitter i stua til Hogne og spiller låter for hverandre», fortel Halvard Rundberg i bandet.

I vår slapp dei låtane «Backseat Babies» og «Lovers & Liars». Dette for å varme opp til sleppet av den sjølvproduserte EPen «Lovers & Liars» som kom 2. august.

Violet Road er kjent for sitt musikalske spenn og bandet tar publikum med på ei kjenslereise som går både høgt og lavt. Dette vert ikkje noko unntak.

Velkommen til konsert 22 november!

Dørene opnar kl 18.30, konserten startar kl 19.00.

Del: