Konsert med Einar Selvik frå Wardruna

Kjøp billettar her!

Under opningshelga på Sagastad den 10.mai vert det utanomjordisk stemning når Wardruna-frontmann Einar Selvik inntek Sagastad i soloformat. Einar er komponist, multiinstrumentalist og mannen bak Norrøn-folk gruppa Wardruna som mellom anna står bak musikk til den verdskjende tv-serien «Vikings». Wardruna er et prosjekt som lagar musikalske tolkingar av norske og norrøne kulturelle og esoteriske tradisjonar. Ved å bruke Nordens eldste instrumenter, språk og poetiske versemål i et moderne lydlandskap har Einar klart å forene det akademiske med det populærkulturelle og gi ny stemme til gamle, men framleis relevante tankar, verktøy og teknikkar frå fortida.

Einar tar oss med på en musikalsk reise ut av Wardruna sitt normalt så store lydlandskap og inn i ei enklare og meir direkte form. Her står stemma, poesien og instrument som Kraviklyre, Taglharpe og Bukkehorn i sentrum.

Billetten inkluderer også inngang i den splitter nye utstillinga vår med Myklebustskipet som hovudattraksjon.

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen