fbpx

Konsert med Aleks Grey

Eidaren Aleksander Raftevold med artistnamnet Aleks Grey tar med piano og gitar, og spelar akustisk konsert i Sagastad. Konserten vert laurdag 18 september under handelsdagane på Nordfjordeid. 

Aleks spelar musikk som kan beskrivast som pop/rock med innflytelse frå soul, gospel, indie og folk. Med andre ord, musikk som klinger fantastisk i den spesielle akustikken i Sagastad.

Program laurdag 18. september;

kl 15.30 – Dørene opnar

kl 16.00 – Konsert med Aleks Grey

Aleks spelte inn musikkvideo til den nye singelen “Myself hurt” inne på Sagastad.

Aleks hadde sin første utenlandsturné i Tyskland i 2019, og spelte mellom anna på Malakoff Rockfestival, Norway Cup og Findings Festival saman med SJUR.

Med spennande samarbeid med mellom anna Hanne Mjøen, Iselin Solheim og Sivert Hagtvet, har det vore eit kreativt og produktivt år på trass av pandemien. Hans harde arbeid resulterte i dei tre singlane «I Can’t Make It Better», «B.A.B.Y.» og «Myself Hurt» som har vorte slept i løpet av 2021, kor dei har fått fine plasseringar på New Music Friday på Spotify, i både Norge, Island og Finland, støtte fra Rubato som har trukke dei fram som vekas topp 5, og blitt spelt på BBC Radio i England. Musikkvideoen til «Myself Hurt» spelte Aleks inn på Sagastad i sjølvaste Myklebustskipet.

10. september spiller Aleks Grey på festivalen Nichtval i Monheim, Tyskland og 18. september står han fantastiske Sagastad på Nordfjordeid.

Del: