fbpx

AVLYST – Julekonsert med Line Dybedal

GRUNNA NYE SMITTEVERNSTILTAK SOM TRER I KRAFT NATT TIL TORSDAG SER VI OSS NØDT TIL Å AVLYSE KONSERTEN. Dei som har kjøpt billettar blir refundert.

Line Dybedal og Sagastad inviterer til julekonsert torsdag 16. desember. Ta ei pause i førjulsstria og få med deg denne stemningsfulle konserten i Sagastad sin magiske klang. Du kan vente deg låtar som «Vinterkveld», «Et evig ønske» og utvalde låtar frå den nye ep-en og boka «Eit hjarte til jul», som sleppast 12 november (boka kjem 25 oktober). I tillegg får du høyre nokre av dei gode gamle julesongane. I tillegg får du høyre nokre av dei gode gamle julesongane. Mathias Marstrander blir med på gitar og kor.

Program;
kl 18.30 – Dørene opnar, barsal med gløgg og god julestemning.
kl 20.00 – Julekonsert med Line Dybedal.

Line voks opp på Vederhus, berre nokre kilometer frå Berstad i Selje. Ho gjekk to år på musikklinja på Firda VGS før ho satsa med bandet The Pink Robots. Året etter fekk bandet platekontrakt, og i 2010 vann dei Urørt. Seinare satsa Line vidare som soloartist og skriv musikk som er heilt nedpå, personleg, nær og full av kjensler. Line har gitt ut fleire album og du har heilt sikkert høyrt songane hennar på radio, TV eller andre plattformer. Dei mest kjende songane inkluderer “La oss vere to”, “På ei øy” og “Bli med heim” frå barne-TV serien med samme namn.

Del: