Julekonsert med Didrik Solli-Tangen

Didrik Solli-Tangen likar seg godt på Nordfjordeid. Når han denne jula skal sleppe sitt første julealbum, skjer det sjølvsagt her – på Sagastad. Han har hatt  stor suksess med Melodi Grand Prix, Stjernekamp og  andre store oppdrag.  Her lokalt har mange møtt han på operapub ilag med læremeisteren hans, Anders Vangen.

Men no er han klar for stemningsfull julemusikk. Han presenterer kjende klassikarar, ukjende perler og eit knippe eigenkomponerte låtar.

Sagastad fredag 4. desember kl. 21.30
Dørene opnar kl. 20.00 for servering.

Didrik Solli-Tangen samarbeider tett med Aleksander Raftevold og Sebastian Berg. Dei har produsert plata hans og dei er også med som musikarar. Konsert i Sagastad er mektige saker. Aleksander Raftevold veit det og ville så gjerne presentere denne fine julekonserten akkurat her. Han veit at dette blir like magisk som gripande og vakkert.

Sagastad-konsertane er ei heilt spesiell oppleving. Akustikken i rommet tar publikum inn i ei klangverd på linje med katedralar. Når applausen brusar stig stemninga bokstaveleg tala i taket! Det blir eit avgrensa tal publikum som kan få billett og smittevern vil bli ivaretatt med avstand mellom grupper i publikum. Publikum kan kome frå kl. 20.00 og finne seg ein fin plass eller sjå på utstillinga før konserten startar klokka halv ti. Nokre få kan kjøpe seg billett i sjølve vikingskipet og ha spesiell god oversikt over sal, scene og musikarar. Det blir ein svingande kveld ved Myklebustskipet og serveringa startar klokka åtte.

Earlybird fram til 30. september: kr. 400,-

Elles: kr. 450,-

UTSOLGT – VIP billett med plass i sjølve vikingskipet og ha spesiell god oversikt over sal, scene og musikarar kr 500,- 

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen