Informasjon til grupper

Grupper må forhandsbestille sitt besøk, også innanfor ordinær opningstid.  Får du bestilt og stadfesta minst 14 dagar før,  oppnår du best pris.

For grupper kan vi tilby eigen Sagavert, dette må avtalast ved bestilling.

Kor lang tid bør ein rekne?

For best mulig utbytte av besøket bør du rekne 1 til 1,5 timar. Dette vil gi deg tid til å sjå filmen “Det brente Skipet” (ca 25 min) som visast kontinuerleg.  Ønsker du å sjå gravhaugane og gå den informative Sagaløypa må du rekna ekstra tid. Sagaløypa tar om lag 40 min å gå.

Gruppebestilling