Hans Majestets Kongens Garde spelar konsert i Sagastad mandag 16. august kl 17.00.
Vi inviterer til ein lyrisk konsert på om lag ein time.
Musikktroppen i 3.gardekompani er eit mangfaldig og proft ensemble med vernepliktige musikarar som byr på alt frå brass, janitsjar, storband, kor til solist og ensembleinnslag med meir.
I denne konserten vil HMKG framføre vokale innslag i form av solistar og blandakor akkompagnert av delar av korpset. Blåsekvintett, mannskor (barbershop) og eit treblåsensemble med fagottsolist. Publikum vil og få høyre musikkorpset spele musikk av Geirr Tveitt og Percy Grainger med meir.
Det kjem også lokale tonar og tekst her i frå Nordfjord som vil glede publikum denne sommarkvelden.
Vel møtt til ein unik kveld med Noregs fremste representasjonsavdeling i Forsvaret her i Sagastad.