fbpx

Førjulskonsert med Eid Mannskor

Sagastad og Eid Mannskor inviterer til utanomjordisk førjulsstemning med akustisk konsert Fredag 26. November.

Dirigent Øyvind Lied frå Volda leier koret mot gode prestasjonar til glede for dei som får oppleve å høyre koret på konsert. Vi vil få høyre mange norske songar under konserten, og det kan nemnast at Landkjenning, Brede Segl og Naar Fjordene Blåner er med. Koret kan også prestere på engelsk og latin, og vi kan forvente oss stor variasjon frå heftig vikingstyrke til det vare og mjuke frå eit 4-stemt mannskor.

Program:

Kl 18:30 Dørene opnar med barsal

Kl 20:00 Førjulskonsert med Eid Mannskor

Del: