Forestilling for born ved Kjell Braaten

Ei spennande nyheit til store og små!

Kjell Braaten frå vikingmusikk.no kjem til Sagastad 11. mai, for å ta deg med på ei musikalsk reise tilbake i tid. Kjell er musikar og komponist, spesialisert på historiske instrument, verdsmusikk og lydlandskap.
Han komponerar musikk som bind verder saman på kryss av tid og stad og skapar univers der det kjennest heilt naturleg og møte både Eirik Raude, Ali Baba og Minotaurus på same stad.

Oselie starar underhaldninga denne dagen kl 13.00, og Kjell held si forestilling kl 14.00. Dette er ei forestilling om vikingmusikk, spesielt retta mot born, men er også ei fin oppleving for vaksne. Ta med deg venner og familie! Alt du trenger er ein vanleg inngangsbillett til Sagastad.

Lær meir om Kjell og instrumenta han brukar her.

Foto – Garry Bonehead Thomson

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen