Familiedag på Sagastad

Laurdag 11. mai vert det familiedag på Sagastad. Det vert konsert med MGP Junior vinnar Oselie og ei forestilling for born om vikingane sin musikk og instrument med Kjell Braaten frå vikingmusikk.no

I tillegg kjem Emblakvinnene med Emblaskipet og feirar jubileum og Løken Aktivitetsgård kjem med kjekke fjordhestar og tilbyr runderiding i Sagaparken.

Program


Inne på Sagastad:
10.00-16.00     Ope på Sagastad
13.00                 Konsert med Oselie
14.00                 Forestilling med Kjell Braaten

Ute i Sagaparken:
11.00-13.00     Riding i regi av Løken Aktivitetsgard
Frå kl 12.00     Embla kvinnene er til stades med skip og salsbod. Skipet blir i parken heile dagen.
15.30                 «Anchor of Peace» seremoni med Embla-skipet si gudmor, Astrid Nøklebye Heiberg.

Vi ynskjer hjarteleg velkommen til store og små!

Foto: Anne Karin Løken

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen