Under familiedagen 11.mai kjem Emblakvinnene til å halde markering ved sagaparken. Her vil dei halde eit arrangement med stand og ulike aktivitetar.
Markering av 25. årsjubileet på Eid 10. og 11. mai 2019 i samband med sjøsettinga av Myklebustskipet og opninga av Sagastad. Kvinneskipet, fredsskipet, vikingskipet ,kulturskipet, natur-og miljøskipet Embla, vart sjøsett i Bjørkedalen og døypt på Eid av gudmor Astrid Nøklebye Heiberg våren 1994. Derfor passar det bra at skipet er attende til sin dåpsstad Eid 25 år etter, og gudmor Astrid er til stades. Ho skal senke «Anchor of peace» i Nordfjorden på ettermiddagen 11. mai i sjøkanten ved Sagastad , ei symbolsk handling for fred. Her skal også Emblakvinnene framføre ein lysseremoni.
Ut på kveld 11. mai vil dei markere freden med eit stille fakkeltog gjennom Eids gamle gate, alle som vil skal få vere med. Ved Emblaskipet, som får si plassering i Sagaparken, vil dei ha ein stand der det vert sal av m.a. kunstplakatar.
Emblakvinnene er 12 kvinner som ror, høvedskvinna som står ved roret og ei som står i stamnen. Dei er imponerte, og ikkje minst stolte, av båtbyggjarane frå Bjørkedalen og Straumshamn, som har gjenskapt det mektige Myklebustskipet. Embla vert veslebarnet i samanlikning, men ho er skapt over same lest, av same skog, og same båtbyggjar.