Eli Førde Aarskog er tilsett som ny dagleg leiar for Sagastad – Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida med Myklebustskipet som hovudattraksjon.
Eli Førde Aarskog har lang røynsle frå leiande stillingar i reiselivet, mellom anna som vertskap for Nordfjord Hotell 1982-2017, marknadssjef i Seawalk Nordfjord og mange styreverv.
– Sagastad har hatt eit godt oppstartsår i 2019 med over 20.000 besøkande utan å vere etablert i marknaden på førehand. Vi er svært glade for at vi no får Eli Førde Aarskog på plass for å utvikle senteret vidare, med si sterke røynsle, tyngde og nettverk i reiselivet. Det seier Kjell Storeide (styreleiar Sagastad Drift AS) og Roger Bergset (styreleiar Stiftinga Sagastad).
– Eg har brent for visjonen om Sagastad heilt sidan ideen dukka opp på 1990-talet. At Sagastad no er etablert, ser eg på som eit «moderne eventyr», seier Eli Førde Aarskog. – Det er ei ære å få overta stafettpinnen i dette ikoniske prosjektet for både Nordfjord, Vestlandet og Noreg. Klarer vi å samarbeide og spele på lag med alle gode krefter om å utvikle Sagastad, Nordfjord og Fjord-Noreg som reisemål, så har vi fantastiske moglegheiter til å lukkast i åra framover, seier Førde Aarskog.
Eli Førde Aarskog vil vere på plass som dagleg leiar for fullt frå april 2020, men vil vere tilgjengeleg for oppgåver for Sagastad også før dette. Ho er i dag tilknytt Seawalk Nordfjord AS som marknadssjef i ei mindre stilling, samt at ho er styreleiar for Norsk Fjordhestsenter. Ho kjem til å halde fram i begge desse rollene.
– Nettverk og nært samarbeid, også marknadsmessig, er nøkkelen for å lukkast i reiselivet, seier styreleiarane Kjell Storeide og Roger Bergset. – Etableringa av Nordfjordeid som cruisehamn er ein nøkkel for å sikre stabil drift og høg aktivitet både på Sagastad og hos andre små og store aktørar i reiseliv og opplevingsnæringane lokalt. Ei mangfaldig opplevingsnæring med kultur og historie i førarsetet skal etter mitt syn markere både Nordfjordeid og Stad som ein spennande stad både å bu og besøke, seier Eli Førde Aarskog.
Sagastad vart opna i mai 2019 med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon, bygd av lokale båtbyggjarar frå Bjørkedalen på Sunnmøre. Skipet blir presentert i eit særmerkt bygg med form som gravhaugen skipet vart funne i, Sagastadbygget. Bygget, skipet og utstillinga er unikt, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt.
Kontaktinformasjon:
Kjell Storeide, styreleiar Sagastad Drift AS, mobiltlf 915 70 925
Roger Bergset, styreleiar Stiftinga Sagastad, mobiltlf 952 29 160
Eli Førde Aarskog, påtroppande dagleg leiar Sagastad, mobiltlf 415 00 215