fbpx

Ein god Sagastad-sommar

Ein fantastisk sommar for Sagastad

Smilet er tilbake ved Sagastad. Med kanselleringar frå cruisegjestar og andre bussgrupper, såg det mørkt ut for sesongen.  Senteret var til og med stengt ein periode i vår.

Juli har vist at også dei norske turistane finn Sagastad. Det har vore innom 4300 gjestar i juli. Dette er nesten 140 pr. dag i gjennomsnitt. Toppdagen var 17. juli med 375 betalande gjestar.

Nordfjord er eit attraktivt område å besøke. Sagastad viser seg interessant for dei fleste, også barnefamiliar. Tilbakemeldingane er gode. Dei besøkande er svært imponert over Sagastad. Mange er interessert i om skipet skal på fjorden og uttrykkjer ønskjer om å kome tilbake då.

Del: