Endeleg teater om Dronning Ingerid – framført i Myklebustskipet for den rette stemninga. Skodespelar Anna Zehentbauer – frå Stårheim – der også Dronning Ingerid budde.
Anna Zehentbauer spør seg kvifor ingen har fortalt historia til Dronning Ingerid frå scena før, og er interessert i kva parallellar vi kan trekke frå Dronning Ingerids tid til idag.
Kva gjer makt med eit menneske og kor mykje er ein villig til å ofre for å kome dit ein vil ? Stykket er ei blanding av det tragiske i historia og har komiske moment som tilsaman blir ei framsyning som ønskjer å treffe publikum på mange plan: og skape refleksjon og debatt.
Stårheimjenta og scenekunstnaren Anna Zehentbauer har utdanninga si frå England der ho arbeidde rundt 10 år før ho no etablerer seg i Norge. Det er hennar eige produksjonsselskap Whaleinthesky Produksjonar som arrangerer i samarbeid med Sagastad.
Stykket er ein einaktar på vel ein time. Det blir framført i perioden 11. – 20. mars med to framsyningar laurdagane.