fbpx

Bluegrass frå Nordfjord: Misery and Company

Misery and Company frå Nordfjordeid i Stad kommune spelar musikk som
spenner frå lettbeint og taktfast bluegrass til vare duettar. Dei garanterer topp
stemning, taktfast tramping «and mighty fine pickin and singin»
. Sett av datoen; 26. mai 2023 kl 20.00!

God miks

Med både kvinneleg og mannleg vokal leverer dei eit variert sett med brei appell. Dei har
sett saman ein god miks av eigne låtar og coverlåtar, i ein sjanger som stadig
fleire får auga opp for. Musikarane i bandet trakterer gitar, banjo, mandolin,
fele og kontrabass, noko som pakker dei sterke vokalprestasjonane i eit
behageleg og variert lydbilete.

Liveband med stor L!

Misery and Company har spelt på Malakoff sin “Live-laga”-turne, på Gymmen
Americanafestival og ikkje minst på Norsk Countrytreff sine
bluegrasskonsertar. I tillegg har dei tallause låvefestar, bryllaup og pubkveldar
bak seg.

Platedebut

Misery and Company er og ute med eigen musikk. Debutplata «Down The
Road We Go” kom ut 04.11.22 og vart feira med utseld plateslepp til svært
gode tilbakemeldingar.

«Dette er et album som fortjener ros og et høyt score på terningen. Som
debutalbum er det bemerkelsesverdig på alle måter, fra den fremragende
låtskrivingen til den sjelfulle instrumentale og vokale prestasjonen.
»
-Off the record


Kjøp billett her, og få med deg denne flotte konserten i Sagastadklangen! Dørene opnar kl 19.00 med ope i baren, konserten startar kl 20.00 og varer om lag ein time.

Del: