Utstillinger

Myklebustfunna

Dei store skipsgravene frå vikingtida er unike og nokre av verdas ypparste og mest spektakulære arkeologiske skattar. Myklebustfunnet skil seg ut i denne samanhengen sidan det vart brent ved gravferda, og at det er funne i eit av dei viktigaste og rikaste kjerneområda for vikingtida, Nordfjord. Denne grava vart utgreven I 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904), men har komme heilt i skuggen av desse.

Det er også heilt unikt at grava tidsmessig kan knytast direkte til historiske kjelder og namngjevne personar. Grava inneheldt også truleg det største vikingskipet som er utgreve i Noreg. Eit rikt gjenstandtilfang og omstendigheitene rundt denne grava gjev spelerom for formidling av både nasjonal og regional historie.

Sagastad skal ha oversikt over alle funn og brukseigenskapar for funna. Vi skal ha kart over Myklebust med henvising til kor dei forskjellige gravene låg, og kva som vart funne i dei. Dette kan visualiserast gjennom interaktive skjermar, slik at publikum sjølve t.d. kan «grave» i haugane og sjå kva dei finn, og kva dette er, – kva det har blitt brukt til, m.m.

Ei historie og syne fram

Sagastad skal ha eit bodskap til publikum, og fortelje historiene om vikingtida i fjordfylket. Gjennom underhaldning og oppleving skal Sagastad formidle kunnskap, skape forundring, ettertanke, – og setje spor.

I Nordfjord er det gjort fleire til dels store arkeologiske funn heilt frå steinalderen og fram til i dag.  Det er likevel Myklebustfunna frå yngre jernalder som i all hovudsak vil vere fundamentet for Sagastad, som gjennom ulike utstillingar, aktivitetar, historier og forteljingar skal gje oss innblikk i ei interessant historisk tid. Sagastad vil kunne ha informasjon og utstillingar også frå andre tidsepokar og funn i Nordfjord, men størst merksemd skal viast til vikingtida i Nordfjord frå ca. 800-1100 e. Kr.

Sagastad skal vere eit kombinert viten- og opplevingssenter, og byggjast ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet, truleg det største vikingskipet ein har funne restane av. Skipet skal byggjast i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet skal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og ein av hovudattraksjonane i Sagastad.

Senteret vil ha ei fast hovudutstilling, basert på følgjande tema:  Myklebustfunna, Myklebustskipet og Nordfjorden. I tillegg vil senteret ha gjesteutstillingar om ulike tema, slik at det alltid vil vere noko nytt å oppleve også for dei som har besøkt senteret tidlegare.

Sagastad vil ha to grunnpilarar:

 

1. Fakta

  • Formidling av fakta og kunnskap om vikingtid (samfunn og menneske; næring, infrastruktur, jordbruk, økonomi, sosiale lag, handtverk m.m.)
  • Formidling av funn i Nordfjord

Alt som blir formidla her, skal kvalitetssikrast av godkjende myndigheiter, m.a. Universitetsmuseet i Bergen.

2. Fiksjon

  • Formidling og visualisering av korleis denne tida kan ha sett ut, utforma på grunnlag av fagleg kvalitetssikra kunnskap og funn

Sagastad vil nytte ulike visuelle hjelpemiddel i formidlinga, og skal ha profesjonelle aktørar til å utforme utstillingane.

Sagastad skal formidle regionen si historie. Denne regionen har ei svært rik historie, frå steinalder til middelalder. Frå rike steinalderbuplassar, helleristningar slik som Noregs største helleristningsfelt i Vingen i Bremanger, middelalder-klosteret på Selja, eit stort tal gravhaugar frå jernalder, med både Evebøhøvdingen si grav og Vestlandets største gravminne ”Karnilshaugen” i Gloppen. I tillegg har vi middelalderkyrkjer og forhistoriske spor etter busetnad. Vikingtida sitt senter låg likevel på Nordfjordeid og med Myklebustgrava som det absolutte høgdepunkt.

Sagastad vil binde saman aust og vest i destinasjonen, og sør-nord i fylka, noko som vil vere svært gunstig, dersom vi ser på korleis trafikkstraumane går i dag.

Kontakt
Solveig Midtbø, Dagleg leiar
952 65 872

Roger Bergset, Styreleiar
952 29 160

post@sagastad.no

Adresse
Stiftinga Sagastad
Øyane 11, 6770 Nordfjordeid
Org. nr: 916 82 9515

Sagastad

© Kopirett Sagastad. Design/Utvikling: TBS / SteinArt

Pin It on Pinterest

Share This