Støtt oss

Stiftinga Sagastad har ansvaret for formidling kring Myklebustskipet og vikinghistoria på Nordfjordeid. Stiftinga har ambisjonar om å gjennomføre prosjekt som kan undersøke og gi ny kunnskap, produsere etterlengta litteratur relatert til funna og på andre måtar formidle kunnskap.

Sagavertar
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Du kan støtte oss med eit beløp tilsvarande verdien av ein saum, nagle, åre, skjold eller kiste på Myklebustskipet. Då får du eit støttebevis som viser at du har støtta Sagastad med den utrustinga du har vald. Skjold, kister og årer er nummerert slik at du kan velje eit nummer som betyr noko for deg, og vert merka med dine initialar eller namn. Dette passar også glimrande som ei unik gåve!

Kontakt oss for å gi di støtte.

Skjold kr. 10.000,-
Kiste kr. 10.000,-
Åre kr. 5.000,-
Nagle kr. 1.000,-
Saum kr. 300,-

Du kan også støtte Stiftinga sitt arbeid ved å melde deg som frivillig i Sagastad Frender for å bidra med dugnadstimar. Send oss ein e-post med ditt namn og telefonnummer for å sette deg på lista.

Sagastad takkar alle som allereie har støtta oss med si tid, kunnskap og gåver! De har vore ein uvurderleg del av realiseringa av Sagastad sine prosjekt.