Stiftinga Sagastad

Myklebustfunna og Sagastad er Vestlandet sitt svar på Oseberg

Sagastad vil gje store synergiar til eksisterande kultur- og næringsliv, ikkje berre i Nordfjord men også i heile Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Sagastad vil vere det einaste senteret av sitt slag på Vestlandet.

Sagastad vil styrke eksisterande reiselivsnæring, og vere ein etterlengta ny attraksjon som ikkje konkurrerer med noko av det som allereie finst i regionen eller fylka.

Kva skal Sagastad vere

Sagastad skal etablere og drive eit viten- og opplevingssenter for vikingtida med basis i dei funna som er gjort på Myklebust på Nordfjordeid og historia som her har funne stad. Stiftinga skal elles sjå regionen si historie i eit større perspektiv og knyte denne saman.

 

Visjon

Sagastad er eit viten- og presentasjonssenter for vikingtida som er nasjonalt og internasjonalt kjend for sine utstillingar og si formidlingsevne.

– Ei oppleving av historia vår

Sagastad skal ha eit bodskap til publikum, og fortelje historiene om vikingtida i fjordfylket. Det kan vere vanskeleg å førestelle seg livet i Nordfjord i mellomalderen. Det er store dimensjonar i dåtidas Norge i høve makt, økonomi, luksus, fattigdom, næringsliv og levesett. Gjennom underhaldning og oppleving skal Sagastad formidle kunnskap, skape forundring, ettertanke, – og setje spor.

I Nordfjord er det gjort fleire til dels store arkeologiske funn heilt frå steinalderen og fram til i dag. Det er likevel Myklebustfunna frå yngre jernalder som i all hovudsak vil vere fundamentet for Sagastad, som gjennom ulike utstillingar, aktivitetar, historier og forteljingar skal gje oss innblikk i ei interessant historisk tid. Sagastad vil kunne ha informasjon og utstillingar også frå andre tidsepokar og funn i Nordfjord, men størst merksemd skal viast til vikingtida i Nordfjord frå ca. 800-1100 e. Kr.

Sagastad skal vere eit kombinert viten- og opplevingssenter, og byggjast ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet, truleg det største vikingskipet ein har funne restane av i Noreg. Skipet skal byggjast i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet skal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og ein av hovudattraksjonane i Sagastad.

Kontakt
Solveig Midtbø, Dagleg leiar
578 62 200
952 65 872

Roger Bergset, Styreleiar
952 29 160

post@sagastad.no

Adresse
Stiftinga Sagastad
Sjøgata, 6770 Nordfjordeid
Org. nr: 916 82 9515

Kontortid: 9 - 15

© Kopirett Sagastad. Design/Utvikling: TBS / SteinArt

Pin It on Pinterest

Share This