Sagastad Frender

Bli med å etabler venneforeininga Sagastad Frender.  Sagastad Frender har som mål å støtte Stiftinga Sagastad økonomisk, ved dugnadsinnsats og andre ytingar for å bidra til at Stiftinga Sagastad når sine mål.

Venneforeininga ynskjer historieinteresserte og samfunnsengasjerte personar og bedrifter som medlemmar, som gjennom Sagastad Frender gir si støtte til prosjektet  Stiftinga Sagastad.

Sagastad Frender har som mål å skape eit fellesskap og eit miljø rundt Myklebustskipet og Sagastad, gjennom informasjonsarbeid, møter, kurs og opplevingar.

FORMÅL

Sagastad Frender har som formål å støtte Stiftinga Sagastad økonomisk, ved dugnadsinnsats og andre ytingar slik at Stiftinga Sagastad når sine mål.

 

MEDLEMSFORDELAR

Personlege medlemmar og Familiemedlemsskap

  • Glede av å støtte eit viktig historisk utviklingsprosjekt, og følgje det på nært hald.
  • Velkomstpakke med kjøpsbevis på ein båtsaum og eit postkort.
  • Invitasjon til seminar.
  • Andre aktivitetar som møter og kurs.

Bedriftsmedlemmar / Lag og organisasjonar

  • Glede av å støtte eit viktig historisk utviklingsprosjekt, og følgje det på nært hald.
  • Velkomstpakke med kjøpsbevis på ein nagle og plakat med motiv «reisa til Valhall» eller «Vikingane kjem».
  • Invitasjon til seminar.
  • Andre aktivitetar som møter og kurs.

Personlege medlemmar              Kr           400,- pr. år

Familiemedlemskap                     Kr           600,- pr. år

Bedriftsmedlemmar                      Kr.       3.000,- pr. år

Lag og organisasjonar                   Kr.       2.000,-pr. år

Skriv til oss på post@sagastad.no eller kom innom kontoret vårt ved Sagahallen for å bli medlem.

Pin It on Pinterest

Share This