Bygg og tomt

Sagastad vert bygd i den nye Sagaparken i Nordfjordeid sentrum, rett ved den vakre Eidsfjorden. Tomta ligg mindre enn 300 meter frå gravhaugane på Myklebust, der Myklebustskipet vart funne i éin av gravhaugane (Rundehågjen).

Montasje: Nordwest3D

Sagastad skal vere eit opplevingssenter av nasjonalt format. Senteret vert utforma slik at ein kjenner att gravhaugane på Myklebust så vel som vanlege sjøbuer og jamvel eit kvelva skip.

Bygget har ein diameter på 38 meter. Det svarer omlag til storleiken på gravhaugen Rundehågjen. Bygget er på ca 1030 m2.

Det 30 meter lange Myklebustskipet blir det sentrale elementet i bygget. Det runde rommet gjev høve til å sjå skipet både tett på og frå ein viss avstand. Samstundes vil det bli eit rom med gode soner for utstillingar, handverk, musikk, dans og sosialt samvere.

Kontakt
Telefon: 578 62 200
E-mail: post@sagastad.no

Adresse
Stiftinga Sagastad
Sjøgata, 6770 Nordfjordeid
Org. nr: 916 82 9515

Kontortid: 10 - 15

© Kopirett Sagastad. Design/Utvikling: TBS / SteinArt

Pin It on Pinterest

Share This